G15/16: God kamp av gutelaget då dei slo Dale 4-3

Gutelaget til Eikefjord/Tambar vann i kveld 4-3 i ein spennande kamp mot Dale på kunstgraset i Eikefjorden.

Dalegutane tok initiativet i kampen frå start av, og laget hadde sin fyrste sjanse allerede etter to minutter spel. Då dunka ballen i målstanga bak Eikefjord/Tambar-keeper Markus Hjelle Cirotzki, men heldivis for heimelaget spratt ballen rett veg.

Den fyrste scoringa i kampen var det heimelaget som stod for. Laget fekk frispark på lagets venstrekant, 18-20 meter unna målet til Dalekeeperen. Marius Storevik viste igjen fram skotfoten og plasserer ballen perfekt i høgre keeperhjørne og 1-0 til heimelaget.

Eikefjord/Tambar fekk seg eit løft etter sccoringa, og tok no komandoen ute på bana. Laget spelar fin og hurtig fotball, og kom til mange sjansar, men utan at dei fekk utteljing.

Difor var det litt mot spelets gang at Dale skulle få utligne til 1-1. Men målet var flott, der ein Dalespelar hedda eit godt innlegg utagbart for heimelagets keeper.

Utover omgangen var Eikefjord/Tambar hakket kvassare enn gjestane, men greide ikkje putte fleire mål i omgangen, og laga gjekk til pause med 1-1.

Andre omgang var berre to minutter gammal då Marius kunne feire sin andre scoring. På veg framover lurte han av to spelarar, før han klinka til frå 15-16 meter. På ny måtte keeper gi tapt, og heimelaget var på ny opp i leiinga.

Berre få minutter seinare gjekk Eikefjord/Tambar opp i 3-1. Denne gongen rulla dei opp på venstrekant, eit perfekt innlegg og Nicolai Andal gjorde ingen feil og sette ballen bak Dalekeeperen.

Men gjestane frå Dale hadde ikkje tenkt å gi slepp på seieren utan kamp, og ei redusering etter halvspelt andre omgang gjorde at det vart spenning i kampen att.

Berre seks minutter att av kampen fekk Dale på ny sett ballen i nota, og stillingen var no 3-3. Dalespelarane jubla, og vi høyrde frå grasmatta, at no gjekk dei for seier.

Men denne gongen var det heimelaget som ville det annaleis. Laget jaga scoring dei siste speleminutta og hadde fleire store sjansar utan at det lukkast å få mål. Ikkje før Marius scorar sin tredje for kvelden, då han iskaldt lobbar ballen over keeper på overtid. Jubelen står i taket då dommaren bles av kampen berre få minutter etter.

Heimelaget spelar ein god kamp i kveld, der samtlige spelarar viser fin stå-på-vilje, mot eit godt Dalelag.


G15/16 Eikefjord/Tambar-Dale 4-3 (1-1)

1-0 Marius Storevik 10 min.
1-1 Dale 27 min
2-1 Marius Storevik 42 min
3-1 Nicolai Andal 47 min
3-2 Dale 62 min
3-3 Dale 74 min
4-3 Marius Storevik 80 min

Dommer: Ole Jacop Endestad, GOD.


BILDER FRÅ KAMPEN:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse