G15/16: Eikefjord/Tambar tok sin andre seier, vann 1-0 i kveld

Eikefjord/Tambar sitt gutelag vann i kveld bortekampen mot Førde 2, og tok med det sin andre seier for sesongen.

Fyrste omgang var jamnspela mellom laga, der det meste føregjekk mellom sekstenmetrane.

I andre omgang tok Eikefjord/Tambar meir over initiativet og skapte ein del sjanser. Det avgjerande målet var det Marius Storevik som stod for. Med frispark frå 18-19 meter vart ballen klinka over Førdekeeperen og i kverrliggaren, innom keeperen og i nota.

Fleire mål vart det ikkje i kampen, og Eikefjord/Tambar kunne gå av bana med ein fullt fortent tre-poengar.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse