Gutelaget tapte mot Gaular

Gutelaget Eikefjord/Tambar møtte Gaular til kamp på Sande i kveld, og måtte returnere derifrå utan poeng.

Eikefjord/Tambar fekk ein pangstart på kampen og gjekk opp i 1-0 leiing etter 2 minuttars spel. Marius Storevik lada skuddfoten og sendte ein susar mot Gaularmålet frå 18-19 meter og gjekk til høgre for keeper og i mål.

Det unge Eikefjord/Tambarlaget spelte ein god førsteomgang mot 2-3 år eldre Gaularspelarar, og var fullt på høgde med heimelaget i denne omgangen. Med litt meir tur kunne dei også ha putta fleire mål, for laget spela seg til ein del bra sjansar. Gaular scora to mål i første omgang, etter 15 og 30 minuttar, og laga gjekk til pause med 2-1 leiing til heimelaget.

I andre omgang hang Eikefjord/Tambar godt med halvvegs ut i omgangen, og kunne fort ha både utligna og gått opp i leiinga. Men Gaular tok etterkvart meir over spelet, og scora ytterliggare tre gonger i denne omgangen.

Sjølv om det vart 5-1 tap for laget frå Eikefjord og Tambar i kveld, har dei ikkje grunn til å henge med hovudet. Laget gjer ein god jobb mot dei eldre Gaulargutane, sjølv om dei får fem mål imot i kveld.


BILDER FRÅ KAMPEN:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse