G15/16: Eikefjord/Tambar i jamn kamp i serieåpninga i kveld

Samarbeidslaget Eikefjord/Tambar møtte Jølster til årets første seriekamp i kveld, og det vart ein jamn kamp på kunstgraset i Eikefjord.

Eikefjord/Tambar hadde eit lite spelemessig overtak på laget frå Jølster i første omgang. Laget spela mykje bra fotball og hadde nokre store målsjanser i denne omgangen, nesten utruleg at ikkje ballen gjekk i nota ved desse anledningane.

Jølster var også frampå ved eit par høve i fyrste omgang, men forsvar og keeper fekk ordna opp i dette. Difor var det nok med litt bismak Eikefjord/Tambar måtte gå til pause utan å ha fått nettkjenning, og det hadde ikkje vore urimeleg at laget hadde gått til kvilen med eit mål eller to.

Andre omgang var så vidt blåst igang før Jølster gjekk opp i 1-0 leiing. Rett frå avspark vart ballen spelt vidare på høgrekanten. Skotet frå 16-17 meter var velplassert, og kepper hadde ikkje moglegheit å forhindre scoring.

Jølster virka friskare i denne omgangen, og fekk styre kampen meir enn dei gjorde i første, og scoringa gjorde sikkert at gjestane no fekk ein energiinnsprøytning. Men laget makta ikkje å komme til dei heilt store sjansane.

Heimelaget fekk lønn for god jobbing då Chris Ronny Håheim tok godt vare på ein stikkball, runda ein forsvarer og plasserte ballen klistra ved stolperota til høgre for Jølsterkeeperen. 1-1.

Men Jølster kunne juble berre minutter etter utligninga til Eikefjord/Tambar. Ein Jølsterspelar fekk stå relativt åleine då han mottok ballen og sette den i mål, etter ein corner.

Eikefjord/Tambar prøvde frebilsk å hente opp att Jølsterleiinga, og skapte ein del sjanser på slutten utan at det gav uttelling. Dermed enda sesongens tre første poeng til Jølster.

Etter spel og sjanser hadde Eikefjord/Tambar fortent minst det eine poenget i kveld. Men som kjent er det måla som tel, og i dag var det motstandaren som scora flest.

BILDE: Eikefjord/Tambar stilte i nye Eikefjorddrakter til sesongåpninga mot Jølster i kveld.


Eikefjord kunstgras

G15/16 Eikefjord/Tambar-Jølster 1-2 (0-0)

0-1 Torbjørn Hjelmbrekke Johanessen (41 min)
1-1 Chris Ronny Håheim (53 min)
1-2 Jan Idar Loftnes Berg (56 min)


Desse spelte for Eikefjord/Tambar:

Markus H. Cirotzki
Martin Hukset
Mathias Knapstad
Steffen Knutsen
Jørund Solheim
Kristoffer Hopen
Kristine Nybø
Marius Storevik
Chris Ronny Håheim
Håvard Tonheim
Elias Rognebakke
Nicolai Andal
Jesper Tomassen
Dan Joar Vårdal


BILDER FRÅ DAGENS KAMP:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse