G15/16: Tap mot Florø

Elias (halvt liggande) scora Tambar sitt mål.

Det ver ein noko ruskete kamp for gutelaget til Eikefjord/Tambar då dei møtte Florø til treningskamp i vårsola på kunstgraset i Eikefjord i kveld, der heimelaget sleit med presisjonen på pasningsspelet sitt gjennom storedeler av kampen.

Mykje av fyrste omgang føregjekk spelet mellom sekstenmetrane, der både Eikefjord/Tambar og Florø sleit med å kome til avslutningar på mål. Men heimelaget fekk vist korleis fint spel kan sjå ut, då pasningsspelet endeleg sat på slutten av omgangen. Ballen gjekk fort og presist mellom spelarane på venstresida, der Elias Rognebakke avslutta med ein flott susar i mål.
Dermed kunne heimelaget gåt til pause med 1-0 leiing.

Andre omgang var få minutter gammal då Florø utligna til 1-1. Med ytterliggare to scoringar til gjestane, vart det 3-1 tap for samarbeidslaget til Eikefjord/Tambar.


SJÅ BILDER FRÅ KAMPEN:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse