G15/16: Gutelaget med tap mot Svelgen

Gutelaget tapte 5-0 mot Svelgen i ein treningskamp på Eikefjord stadion torsdag kveld. Til pause var stillingen 3-0.

Det var eit fysisk sterkt Svelgenlag som besøkte kunstgraset i Eikefjord, der Eikefjord/Tambar var motstander. Gjestane frå Bremanger starta friskast og var frampå med scoring tidleg i første omgang.
Eikefjord/Tambar-gutane kom meir med i kampen utover i omgangen, men kunne ikkje forhindre at Svelgen scora ytterliggare to gonger, og kunnne gå til pause med 3-0 leiing.

Andre omgang vart meir jamnspela mellom laga, og Eikefjord/Tambar kom til ein del sjanser og fekk vist mykje bra spel. Men laget klarte heller ikkje i denne omgangen å overliste Svelgenkeeperen. Derimot var gjestane frampå og overlista Eikefjord/Tambar-keeperen ved to anledningar i denne omgangen, noko som gjorde at dei kunne gå av bana med ein 5-0 seier.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse