G15/16: Eikefjord/Tambar med storseier mot Førde 2

Samarbeidslaget til Tambar Fotball og Eikefjord spelte sin andre treningskamp fredag kveld, då dei møtte Førde 2 i Eikefjord.

Eikefjord/Tambar hadde bra kontroll på Førdegutane i første omgang, og kunne gå til pause med ein velfortent 2-1 leiing.
I andre omgang føregjekk det meste av spelet på Førde 2 sin banehalvdel, og Eikefjord/Tambar produserte massevis av målsjansar og scora mange mål.

Underteikna miste tellinga på mål ut i omgangen, men ifylje kampens dommer, vart sluttresultatet 9-1.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse