G15/16: Samarbeidslaget Tambar/Eikefjord med årets første kamp

Denne sesongen samarbeider Tambar Fotball og Eikefjord Fotball om å danne og stille lag i årets sesong. Grunnen til samarbeidet mellom klubbane, er rett og slett at det i begge klubbane er for få spelarar i guteklassen til å stille lag.
Samarbeidslaget stiller med 14-15 spelarar i troppen til årets sesong, der Per Øyvind Storevik frå Tambar Fotball og Hopen frå Eikefjord har trenaransvaret for laget. I tillegg til dei to trenarane, er også Odd Rognebakke med i trenerteamet. Jonny Gustavsen er oppmann for laget.

I kveld spela det nykomponerte laget sin fyrste treningskamp. Laget møtte Florø sitt gutelag på Eikefjord kunstgras, der temperaturen bikka null og elles fine speleforhold.
Samarbeidslaget viste bra takter i sin fyrste kamp, men kunne ikkje stå imot presset frå eit meir samspelt lag frå Florø.
Etter første omgang kunne Florøgutane gå til pause med 4-0 ledelse. Med to nye scoringar i andre omgang, vann Florø tilslutt 6-0.

Desse spelte på Tambar/Eikefjord i kveld:

Markus Hjelle Cirotzki (Tambar)
Ola Frøyen (Tambar)
Marius Storevik (Tambar)
Martin Hukset (Tambar)
Elias Rognebakke (Tambar)
Jesper Tomassen (Tambar)
Simon Indrekvam (Tambar)
Dan Joar Vårdal (Tambar)
Mathias Knapstad (Eikefjord)
Håvard Tonheim (Eikefjord)
Kristoffer Hopen (Eikefjord)
Chris Ronny Håheim (Eikefjord)
Erlend Brendø (Eikefjord)
Kristine Nybø (Eikefjord)

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse