Tambar G12 avgjorde kampen i andre omgang mot Florø 2

G12 Tambar-Florø2 6-5 (2-5)

Tambar G12 møtte torsdag kveld Florø 2 til kamp på Naustdal stadion, der Florøgutane var dei store favorittane til denne kampen. For sist laga møttes i Florø, vart det eit solid tap då Tambargutane måtte gå av bana med 2-13 tap.

Det var Tambar som starta kampen best denne kvelden på stadion, og laget scora både ein og to gonger, og leda 2-0 godt ut i fyrste omgang. Men Florø 2 kom seg inn att i kampen, og reduserte til til 1-2 og etterkvart kom utligninga til 2-2. Om det var frykta for eit nytt stortap som fòr gjennom skallane til Tambargutane, veit vi ikkje. Men det var slik at Florø kunne score ytterliggare tre mål før pause og stillinga var 5-2 til gjestane.

Og pausen gjorde tydeligvis bra for Tambarlaget, og ikkje veit vi kva treneren sa til gutane. For det var eit heiltent lag som kom på bana og gjorde seg klar for andre omgang.

Tambar fekk ein tidlig redusering til 3-5, noko som tydeleg gav dei trua på at dette kunne gå vegen. Større vart trua når laget var frampå og reduserte 4-5 og utligna til 5-5.
Stor var jubelen hjå spelarane og trener Frode «Klopp» Naustdalslid når den avgjerande scoringa kom, og laget kunne gå av bane med ein sterk 6-5 seier.

Trenaren er godt nøgd med seieren, etter ein solid innsats frå samtlige spelarar, der dei viste flott spel og mange fine mål.

God dommer: Martin Personbråten.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse