G12: Seier for Tambar 1 i Førde i kveld

Foto: Oddny F. Aase

Sist torsdag vann Tambar sitt G12 heimekampen mot Florø 3 med siffera 7-5, etter ein jamnspelt kamp. I dag drog laget til Førde og møtte Førde 5, ein kamp laget vann med 11-5.

Vi har fått rapporter om ein god kamp av alle på Tambarlaget, der målscorarar i denne kampen var Bendik med heile 7 mål, Kristen (2), Sander og Marius med eit mål kvar.

Neste kamp for laget er mot Førde 8 på Naustdal stadion fyrstkomande torsdag.

 

Andre resultat i kveld:

J11 Førde 3-Tambar 11-1

Tambar J11 vann 11-1 mot Førde 3 i ein kamp som vart spelt på Sunde i kveld.

Tambar var raskt ute med scoring i kampen, og trener Øystein Ullaland skriv på lagets facebookside " fleire av jentene fekk i kveld kjenne på den gode følelsen med å skore mål ".

 

G10 Tambar 2-Hyllestad 9-5 (3-2)

Tambar G10 spelte sin første kamp for sesongen, då dei møtte langvegsfarande gutar frå Hyllestad på Naustdal stadion mandag kveld.
Trener Andrè Eilertsen kan være godt nøgde med gutane sine i sesongåpninga, der gutane viste gode takter med småfint spel og god målteft.
Kampen var jamn langt ut i andre omgang, heilt til Tambargutane scora tre kjappe mål og vann dermed sin første kamp 9-5.

Dommer Fride Ask Nordnes debuterte som dommer i kveld, noko ho greide strålande.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse