Godt spel og seier til Tambar 2

Denne vekas siste kamp på Naustdal stadion, var oppgjeret mellom Tambar 2 og Gaular 2 fredag ettermiddag. Tambar 2 er Tambar sine 11 åringar som denne sesongen stiller lag i både G11 og G12 i serien.

Tambar 2 fekk ein dårlig start på kampen mot gutane frå Gaular, då gjestane gjekk rett frå avspark og opp i leiing i sitt første angrep. Men Tambar fekk summa seg rimeleg kjapt, og utligna til 1-1 berre få minutter seinare.

Tambargutane viser fram mykje bra spel for mange publikummarar i denne omgangen, og er oppe i ein 4-2 leiing midtvegs i omgangen. Med to scoringar frå Gaular 2, går laga til pause med 4-4 og uavgjort.

I andre omgang imponerer dei eit år yngre Tambargutane verkeleg. Med mykje flott spel, gode angrep og flotte mål, set dei gjestane på plass og vinn kampen med heile 9-5. I tillegg til fin angrepsfotball, har laget eit godt forsvar og god keeper, som hadde mange gode redningar i dag.

Vidar Standal debuterte som dommer i kampen. Han gjorde jobben på ein framifrå måte.

 

Andre resultat frå Tambarlag:

J12 Tambar-Jølster

Også jentene til Tambar i klasse J12 spela ein god kamp, då dei hadde besøk av jentene frå Jølster torsdag kveld. Etter ein jamnspelt fyrste omgang, tok Tambar over spelet i andre omgang og skapte mange store målsjanser.

Både trenarar og spelarar kan være godt nøgde med kampen, der ein ser framgang på innsats og spel frå kamp til kamp. Tambar vinn kampen fortent, 10-5.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse