G12: God haust for Tambargutane

Tambar sitt G12 lag har hatt ein god haust på fotballbana, og står med seks seiere og tre tap, når ein kamp står att av sesongen. Forrige torsdag tok laget revansje mot Dale, då dei vann 2-0 på Naustdal stadion. Då laga møttes i Dale tidligare i haust, var det heimelaget som stakk av med seieren og vann den kampen 7-5. I kveld var laget i aksjon att, då dei møtte Florø 1 på Naustdal stadion. Her vart det ein enkel seier for Tambargutane, som ifylje trenar Sturle Standal, fort kunne vunne med fleire mål. Trenaren oppsummerer dette slik: " 15.10. Tambar - Dale 2-0 (1-0) 22.10. Tambar - Florø 1 7-1 (5-1) Seier i dei to siste kampane på stadion for G.12 laget. Kampen i dag vart spelt i eit kraftig regn og speleforholda var deretter. Men heimelaget var best frå start til mål og burde og kunne scora fleire mål. Florø var ingen målestokk for eit godtspelande Tambarlag, spesielt i 1. omgang. Målscorarar i dag var: Aleksander Solheim (1), Magnus Studsrød (1), Fredrik Herstad (1), Kristen E. Røyseth (1) og Marius Klopstad (3). Dei andre på laget: Odin Svoen, Benjamin Gauksrud, Vidar Standal, Matias Vonen. Siste kamp denne sesongen er mot Høyang borte neste torsdag. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse