Storseier til Tambar mot Førde 1

Tambar sitt G12 lag spelte bortekamp mot Førde 1 torsdag kveld, ein kamp der Tambar laga målfest med heile 15-0. Trenar Sturle Standal oppsummerer kampen slik: " Førde 1 ? Tambar 0-15 (0-11) Storseier til Tambargutane torsdag kveld på ei dårleg opplyst bane ved Halbrend skule. Mot eit for dagen ikkje altfor imponerande Førdelag, fekk bortelaget spelet til å sitte og sjansar som dei tidlegare ikkje sette gjekk inn denne gangen. Førde etterlot seg store rom bakover på bana og Tambargutane fekk stadig vekk mulegheiten åleine med keeper. Magnus Studsrød (6 mål) spelte ein god kamp. Saman med Marius Klopstad (5 mål) var dei stadig vekk på farten foran Førdemålet. Førde hadde sine sjansar og, men godt keeperspel av Fredrik Herstad i første og Vidar Standal i andre hindra mål. Dei andre som var med: Jørgen Hove Haugen (1 mål), Alexander Nordbotnen (1 mål), Benjamin Gauksrud og Aleksander Solheim. Vidar 1 mål og Fredrik 1 mål. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse