G12: Tambar fekk revansje mot Florø 2

Med fleire spelarar ute med sjukdom, var trener Sturle Standal usikker på utfallet i kampen, då laget møtte Florø 2 til kamp på stadion torsdag kveld. Men laget greidde seg godt mot Florøgutane, som Tambar måtte gi tapt for på bortebane tidligare i sesongen. Sturle oppsummerer kampen slik: " Tambar - Florø 2 6-2 (5-1) Det vart seier til Tambargutane i kveld, og dette var ein solid revansj for tapet i Florø tidlegare i haust. Heimelaget var det beste laget frå start til mål og Florø 2 kan vere glad at Tambargutane slit forsatt med å sette sjansane sine. I tillegg vart Tambar snytt for to klare straffe. I kveld stilte Tambar med tre frå 2004 laget, pga sjukdom frå 3 spelarar. Det var Marius F. Aase, Bendik Gamlestøl og Kristen E. Røyseth (1 mål). Ellers var desse med: Marias Vonen (1 mål), Vidar Standal (1 mål), Benjamin Gauksrud, Magnus Studsrød, Fredrik Herstad, Aleksander Solheim og Marius H. Klopstad (3 mål). "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse