Jamnt mellom Tambar og Høyang

Tambar sitt G12 lag møtte torsdag kveld ubeseira Høyang til kamp på Naustdal stadion. Det vart eit jamnt oppgjer, der trener Sturle Standal opplevde at gutane hans hadde mykje stang ut i denne kampen. Trenaren oppsumerer kampen mot Høyang slik: " Tambar - Høyang 4-6 (1-3) Heimelaget tapte ein tett og jamn kamp mot ubeseira Høyang på stadion torsdag kveld. Der Høyang traff innafor stengene på sin skuddforsøk, traff Tambargutane litt utafor på sine forsøk. Det var enkelt sagt det som var forskjellen på laga. Målscorar for heimelaget: Marius Klopstad, Jørgen Hove Haugen, Vidar Standal og Magnus L. Studsrød. Eller stilte Tambar med desse: Fredrik Herstad, Kristen Espedal Røyseth, Aleksander Solheim, Alexander Nordbotnen, Benjamin Gauksrud og Matias Vonen. Dommar i kampen: Sigve Heggedal Longvastøl."

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse