Spennande då Tambar vann borte mot Florø 1

Sjølv om Tambar G12 leda 2-0 til pause, og auka til 3-0 tidleg i andre omgang, vart det ein nervepirrande kamp borte mot Florø 1 sist torsdag. Men Tambargutane holdt unna, og kunne reise heim med 3-2 seier. Trenar Sturle Standal oppsummerer kampen slik: " Seier til G.12 mot Florø 1 torsdag 10.09 Florø 1 ? Tambar 2-3 I ein veldig god førsteomgang der Tambargutane scora 2 mål, og burde kanskje scora 3-4 mål til, vart andre omgang nervepirrande heilt til slutt. Tambar gjekk opp til 3-0 tidleg i 2.omgang, men to kjappe reduseringar til Florø gjorde kampen spennande heilt til slutt. 2. omgang vart prega av dei to måla til heimelaget og Tambar vart mest opptatt å klarere ballen istadenfor å spele slik som første omgang. Neste kamp er mot Høyang neste torsdag heime, eit lag som ikkje har tapt i haust. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse