G12: Tambar tapte jamn kamp borte mot Dale

Trenar Sturle Standal og gutane spela torsdag kveld bortekamp mot Dale. I vårkampen spela laga 4-4 på Naustdal stadion, medan Dalegutane trekte det lengste strået i gårsdagens kamp. Sturle oppsummerer kampen slik: "Dale - Tambar 7-5 (3-2) Eit ungt og godt Dalelag slo Tambargutane torsdag kveld. Tambar kom bakpå frå start og Dale leia heile kampen etter dei tok leiinga. Tambargutane fekk ikkje heilt til spelet sitt. Sikkert fordi heimelaget var flinke og pressa Tambar når dei hadde ballen. Ellers må Tambargutane jobbe med avstanden mellom lagdelane, det vart for stor strekk i laget i fleire periodar. Desse deltok for Tambar: Bendik Gamlestøl, Fredrik Herstad, Vidar Standal, Magnus Studsrød, Matias Vonen, Jørgen Hove Haugen, Alexander Norbotnen, Marius Klopstad og Benjamin Gauksrud."

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse