G12: Tambar slo Førde 1 på Naustdal stadion i kveld

Bilde

Tambar G12 tok sin fyrste seier i haustsesongen, då laget vann mot Førde 1 på Naustdal stadion torsdag kveld. Tambar hadde grei kontroll på gjestane i fyrste omgang, og sjølv om Førde 1 kom sterkt tilbake i andre omgang, kunne Tambar juble for ein fortent seier ved kampslutt. Trener Sturle Standal oppsumerer kampen slik: " Tambar - Førde 1 7-5(6-2) Seier for G12 gutane torsdag kveld mot Førde 1. Ein god 1. omgang og eit litt svakare andre omgang vart status denne gangen. Gutane starta godt, og leia 5-0 halvvegs i første omgangen. Det kunne vore meir hadde vi sett sjansane våre. Men istadenfor lot vi Førde få komme litt inn i kampen med to mål på slutten av omgangen som kom etter rot i forsvaret. Men alikavel ein komfortabel 6-2 ledelse til pause. 2. omgang vart Førde sin der Tambar fekk for mykje strekk i laget og Førde pressa på for å ta igjen leiinga. Men vi klarte å holde ledelsen slik at gutane fekk sin første seier i haust.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse