Tøff start på haustsesongen for G12

Trener for Tambar G12, Sturle Standal, har sendt oss fyljande rapport frå laget fyrste haustkamp: "Florø 2 - Tambar 9-5 (5-2) Det vart ein tøff serieopning for G12 gutane i Florø torsdag kveld. Eit heiltent Florø 2 lag, som tapte begge kampane i vår for oss, jubla voldsomt for seieren. Så det var tydeleg at det ikkje var kjekt å tape for Tambar i vår. (4 tap også Florø 1 tapte) Denne kampen styrte heimelaget etter mykje godt spel. Tambar scora først, men deretter var det Florø i heile omgangen. Jamn start på andreomgang, Tambar scora først og hadde eit håp om å ta dette igjen. Men ein sluttspurt frå Florø gjorde resultatet komfortabelt. Grei debut for Marius Hauge Klopstad som scora tre av Tambar sine mål. Magnus Studsrød scora dei to andre. G.12 laget satsar å komme sterkare tilbake og då håpar vi å ha med Odin (skade) og Fredrik (sjuk)."

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse