God innsats og flott helg på Lerum Cup

Foto: Merete Svalheim Standal.

Lerum Cup vart arrangert sist helg, der 284 lag var påmeldt til årets cup i Sogndal. Eit av desse laga var Tambar sitt G12 lag, som gjorde det bra i sine seks spelte kampar denne helga.

Trener Sturle Standal fortel om ei flott helg for både spelarar, foreldre og leiarar, og han har sendt oss denne oppsummeringa frå fotballhelga i Sogn:

«G12 laget deltok på Lerum cup i Sogndal denne helga.

Vi spelte alle kampar på gras i Hafslo og overnatta på Fosshaugane Campus. Gutar, foreldre og leiarar hadde ei fin helg i Sogndal. Fint vær, greie spelarar, Sogndal – Hødd på laurdagskvelden gjorde helga til ei fin avslutning på vårsesongen.

Det vart tre seierar og to tap. To av seierane var klare og ein knepen. Dei to tapa kunne godt begge veier, men marginane var ikkje på gutane si side.

Kampar:
Tambar – Loddefjord hvit 4-6
Tambar – Alvidra 2 9-2
Tambar – Skjergard Vikings 5-4
Tambar – Øystese Fotball 7-3
Tambar – Strandagutar 0-2

Spelarar:
Odin Svoen, Fredrik Herstad, Magnus Studsrød, Jørgen Hove Haugen, Alexander K. Nordbotten, Aleksander Solheim, Vidar Standal, Matias Vonen og Benjamin Gauksrud.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse