Sturle sine gutar vann alle sine kampar i vårsesongen

Tambargutane i klasse G12 tok sin tiende seier for sesongen, då laget avslutta vårsesongen med ein solid 7-1 seier mot Førde 2 i kveld.

Dermed står laget til trener Sturle Standal med berre seierer når sommarferien står for døra, før laget set kursen mot Sogn og Lerum Cup seinare i sommar.

Slik ser seiersrekka til Tambar G12 ut:
Florø 1-Tambar 6-7
Tambar-Eikefjord 18-0
Dale 1-Tambar 0-7
Florø 2-Tambar 3-5
Tambar-Førde2 6-2
Tambar-Florø1 6-2
Eikefjord-Tambar 0-17
Tambar-Dale1 5-4
Tambar-Florø2 10-3
Førde 2-Tambar 1-7

Sturle oppsummerer siste vårkampen slik:

«Førde 2 – Tambar 1-7
Dermed har gutane gått gjennom vårsesongen uten tap.
På ei dårleg kunstgrasbane ved Førdehuset tok det nesten 15 minutt før første målet kom.
I 2.omgangen spelte gutane god fotball med mykje godt pasningspel. Spesielt første 15 minutane var Tambar gode.

No ser vi fram til Lerumcup og nytt serieoppsett til hausten der vi vil få gode lag å spele mot.

Desse var med i kveld:
Benjamin Gauksrud, Fredrik Herstad, Alexsander Nordbotten, Alexander Solheim, Matias Vonen, Odin Svoen, Vidar Standal, Jørgen Hove Haugen og
Magnus Studsrød. «

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse