G12: Målrik kamp då Tambar vann mot Florø 2

Tambar sitt G12 lag kan gå gjennom vårsesongen utan tap, om laget vinn den siste kampen før sommarferien mot Førde.
Torsdag kveld vart det storseier mot Florø 2 på Naustdal stadion.
Trenar Sturle Standal har i dei to siste kampane henta opp hospitanter frå G2004, og i gårsdagens kamp var det Bendik Gamlestøl som fekk spele for G12. Som i sist kamp, då Kristen Espedal Røyseth scora i sin hospitering, vart det også scoring på Bendik i kampen mot Florø 2.

Sturle oppsummerer kampen slik:

" Tambar – Florø 2 10-3 (4-1)

Florø 2 stilte litt redusert til denne kampen og hadde lite å stille opp med mot eit ubeseira Tambar G12 lag i vår.
Florø scora først på eit flott skot, men Tambar slo tilbake og leia 4-1 til pause.
Tambar forsatte å styre spelet i 2.omgang og det kunne fort blitt meir enn 10-3.

No ventar Førde på bortebane, før gutane avsluttar med Lerumcup i slutten av månaden.

Desse var med i kveld: Bendik Gamlestøl (første kamp og målscorar), Vidar Standal, Fredrik Herstad, Alexander Norbotten, Aleksander Solheim, Benjamin Gauksrud, Magnus Studsrød, Odin Svoen og Matias Vonen. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse