G12: Spennande då Tambar vann mot Dale 1

Det vart ein spennande kamp då Tambar møtte Dale 1 på Naustdal stadion torsdag kveld. Med mange flotte mål og godt spel frå begge laga, kunne Tambar til slutt gå av bana med sin åttande strake seier.

Trener Sturle Standal har sendt oss denne rapporten frå kampen:

"Tambar – Dale 1 5-4 (2-3)
Jamn og tett kamp i Naustdal torsdag kveld der til slutt Tambar vant knepent mot eit godt Dale lag.
Dale var klart betre no enn når laga møttast i Dale tidlegare i vår. I dag stilte dei med 2004 spelarar pluss to 2003 spelarar som er betre enn 2003 laget deira. Dei hadde sikkert sett resultata på kampane til Tambargutane !!

Tambar opna best og leia 2-1 til midt i omgangen. Då tok Dale over og scora to mål slik at dei leia 2-3 til pause.

Tambargutane starta 2.omgang godt og debutant Kristen Espedal Røyseth (2004) utlikna til 3-3. Dale ga seg ikkje og tok leiinga igjen, men ein god sluttspurt av heimelaget der vi scora 2 mål på slutten. Blant anna ei flott heading av Alexander Norbotten. Sjelden gutane scora på heading !!.
Ellers scora Odin Svoen, Fredrik Herstad og Magnus Studsrød.

Øvrige som var med: Matias Vonen, Vidar Standal, Aleksander Solheim, Jørgen Hove Haugen og Benjamin Gauksrud.

Etter 17-0 mot Eikefjord forrige kamp var det kjekt for gutane å
spele ein kamp der ingenting var avgjort før heilt til slutt.
Slik fotballkampar skal vere. "

BILDER frå kampen: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/G12TambarDale040615

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse