G12: Tambar utan tap - tok sin sjette strake seier

Gutane til trener Sturle Standal går frå seier til seier om dagen, og på ny kunne laget juble etter å ha vunne sin sjette kamp på rad.

I kampen mot Florø 1 torsdag kveld, varta gutane på ny opp med godt spel og mange mål. I tillegg til måla laget scora i kveld, hadde laget flust av sjanser, blant anna med opptil fleire stangskot.

Sturle oppsummerer kampen mot Florø 1 slik:

«Tambar – Florø 1 6-2 (1-2)
God kamp av Tambar mot Florø 1 torsdag ettermiddag.
Sjansjesløseri i 1.omgang gjorde at bortelaget gjekk til pause med leiing.
Men Tambargutane gjekk hardt ut etter pause og 2-2 målet kom med ein gang. Så kom måla på rekke og rad utover, og 4-5 skot i stolpen i løpet av kampen visste at det var ein fortjent seier til heimelaget.

Desse var med: Odin Svoen, Benjamin Gauksrud, Jørgen Hove Haugen, Vidar Standal, Aleksander Solheim, Matias Vonen, Alexander Nordbotten, Magnus Studsrød og Fredrik Herstad. «

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse