G12 med nok ein seier - tok sin femte strake i kveld

Tambar sitt G12 lag er skikkeleg inne på vinnarsporet for tida, og mot Førde 2 i kveldens kamp på stadion, tok gutane og trener Sturle Standal sin femte strake seier av fem mulige denne sesongen.

Laget spelar mykje fin fotball, og viser god moral etter at laget kom att etter å ha lege under 0-2 tidleg i første omgang, snur kampen og vinn konfortabelt.

Trenaren har sendt oss denne oppsummeringa etter dagens seier:

" Tambar – Førde 2 6-2 (3-2)
Ny seier til Tambargutane og dermed sin femte strake seier i vår.

Heimelaget starta med å ha mykje ball, men det var Førde som scora først og gjekk og opp i 2-0 mot spelets gang.
Men Tambar fekk etterkvart uttelling på forsøka sine og gjekk til pause med 3-2 leiing.
I andre scora heimelaget 3 mål til uten at Førde kvitterte. "

God dommer var Martin Hukset.

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/G12TambarFRde2120515

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse