Ny storseier til Tambar sitt G12 mot Dale

Tambar sitt G12 lag tok nok ein storseier, då dei møtte Dale på bortebane torsdag kveld. Rett nok vart ikkje kampen like målrik som lagets fyrste seriekamp, men kunne returnere til Naustdal med ein solid 7-0 seier.

Trenar Sturle Standal oppsummerer kampen slik:

" Ny seier for G12 gutane torsdag kveld i Dale.
Det vart ein komfortabel 7-0 seier mot Dale gutane. Tambar forsatte sin gode sesongopning og måtte aldri storspele for å slå dette laget.

Desse var med (målscorarar og antal mål i parantes):
Odin Svoen (3 mål), Aleksander Solheim(1), Vidar Standal (1), Matias Vonen (1), Alexander Nordbotten (1), Fredrik Herstad, Jørgen Hove Haugen og Magnus Studsrød.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse