G12: Tambar med kalassiger mot Eikefjord

Tambar sitt G12 lag spela årets første heimekamp på Naustdal stadion mot Eikefjord torsdag kveld. Og det vart ein kamp med svært mange mål, desverre for gjestane var det berre heimelaget som kom i målprotokollen.
Med heile 18-0 til Tambar, hadde det unge laget frå Eikefjord lite å stille opp med. Vi får berre tru at dei ikkje datt heilt i kjellaren etter kampen, og at dei stiller til neste kamp med friskt mot.

Trenar for Tambar, Sturle Standal, oppsumerer den målrike kampen slik:

" Tambar – Eikefjord 18-0

Mot eit veldig fersk Eikefjordlag som hadde ei blanding av 2003 og 2004 spelarar (ein 2005) vart det einveiskøyring heime torsdag kveld.
Tambar ga seg ikkje før det sto 18-0, men det kunne vore langt fleire.

Desse var med (mål i parantes):
Aleksander Solheim, Fredrik Herstad (1), Alexander Norbotten (5), Matias Vonen (3), Magnus Studsrød (1), Vidar Standal, Odin Svoen (7) og Jørgen Hove Haugen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse