God sesongstart for G12

Tambar sitt G12 lag fekk ein god start på sesongen då dei vann oppgjeret mot Florø 1 i sin fyrste kamp torsdag kveld. Kampen vart spelt i Florø.
Trenar for laget, Sturle Standal, har sendt oss denne rapporten frå kampen:

" Florø 1 – Tambar 6-7 (2-6)

Flott opning på sesongen for 2003 gutane mot det vi reknar som
den vanskjelegaste motstandaren vår no i vår.
Mot eit agressivt og til dels hardtspelande Florølag var det
Tambar som kom best i gang og gjekk tidleg opp i 2-0.
Florø utligna til 2-2, men Tambar gjekk til pause med 6-2 leiing.
I denne omgange spelte gutane flott fotball og lot ballen gjere
jobben.

I 2.omgang gjekk Florø ut og pressa Tambar til å gjere feil.
Vi miste ballen lett og Florø straffa oss.
No vart spelet meir ein kamp om å redde seieren, og spelarane
turde ikkje å spele slik som i første omgang.
Men god innsats i siste 10 minuttar gjorde til at vi holdt unna.

Desse var med, mål i parantes:
Alexander Norbotten(2), Fredrik Herstad, Odin Svoen (1), Aleksander Solheim, Vidar
Standal (2), Magnus Studsrud (1), Matias Vonen (1) og Jørgen Hove Haugen. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse