Tambar G12 avslutta sesongen med spennande kamp og knepent tap

Den siste seriekampen på Naustdal stadion denne sesongen vart spelt på torsdag, då Tambar G12 spela mot Førde 2. Det vart ein målrik og spennande kamp, der Tambar henta inn gjestane si leiing og var i føringa nesten heilt til kampslutt. Men ein kjempeinnspurt av Førde 2 gjorde at seieren gjekk til gjestane.
Trenar Sturle Standal oppsummerer kampen slik:

" Tambar – Førde 2 6-7 (1-3)

Det vart tap i den siste heimekampen for G12 gutane.
Sjølv om det vart tap spelte gutane i perioder fin fotball.
Etter ein jamn førsteomgang, tok det heilt av i starten av andre omgang der Tambar gjekk frå 1-3 til 6-3. Deriblant ein flott scoring av Vidar som må vere årets mål på stadion ( iallefall for G12 ).
Men det holdt ikkje heilt inn, vi fekk litt for store avstandar i laget siste halvdel av 2.omgang.

No gjenstår ein kamp mot Førde 4 borte om ei veke. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse