Resultat frå kampar G11 og G12

Både Tambar sitt G11- og G12-lag har vore i aksjon denne veka med kampar på Naustdal stadion, og trenar for laga, Sturle Standal, har sendt oss denne oppsumeringa frå kampane:

" Onsdag G11 Tambar – Førde 4 14-4
Grei kamp for 2003 gutane mot eit ikkje alt for godt Førdelag.
Men gutane sto på heile kampen og var interessert i å
score mest muleg.
Dette var siste G.11 kampen denne sesongen.

Torsdag G12 Tambar – Hyllestad 4-9
Hyllestad har ikkje tapt kampar i haust og Tambargutane var gira på
å stoppe den seiersrekka, men vart litt for små denne gangen og.
Hyllestad gjekk fort opp i 2-0 ledelse, men Tambar kom tilbake
og leia 3-2 midt i første omgang. Då fungerte spelet bra for oss, men
Hyllestad kom tilbake og leia 6-3 til pause.
Gjestane frå Hyllestad er det beste laget i denne haustavdelinga og vant fortjent til slutt.

No gjenstår ein heimekamp mot Førde 2 kommande torsdag
og ein bortekamp i Førde veka etter. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse