G12 med bra kontroll og 4-1 seier mot Florø 3 i kveld

Tambar sitt G12 lag var i kveld i Florø og spela mot Florø 3. Trenar Sturle Standal fortel om ein god kamp av Tambargutane som tok sin fyrste seier for hausten. Sturle har sendt oss denne oppsummeringa av kveldens kamp:

" Florø 3 – Tambar 1-4

Flott kamp av Tambargutane i Florø måndag ettermiddag.
Med godt pasningspel tok vi kontroll over kampen og
skapte gode sjansar som vi etterkvart omsette i mål.
Florø 3 har vunne alle kampane sine i haust og for
Tambar var dette første seier.
Målscorar var : Martin Personbråthen, Odin Svoen,
Alexander Norbotnen og Joakim Dale. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse