Resultat frå kampar til Tambar G12

Tambar sitt G12 lag har spelt to kampar på Naustdal stadion, forrige torsdag mot Førde 4 og i kveld mot Førde 3.
Trenar for laget, Sturle Standal, har sendt oss desse rapportane frå lagets to siste kampar:

« TORSDAG 18.sept.
Tambar – Førde 4 1-1

Dette var årsbeste for G12 laget. Gutane til tider utspelte Førde 4.
Men det var ein ting som mangla denne kvelden, det var å sette sjansane.
Førde tok leiing tidleg i 1. omgang etter eit flott skudd frå distanse.

Tambargutane forsatte finspelet og produserte fleire sjansar som
burde gitt uttelling. Utlikninga kom seint i 2.omgang ved
Martin Personbråten. Heilt på slutten hadde Tambar skudd i stolpen
men det ville seg ikkje heilt framfor mål.
Men alt i alt mykje godt spel denne kvelden. «


« TORSDAG 25.sept.

Tambar – Førde 3 0-5 (0-4)

Gutane tapte mot eit betre lag torsdag kveld.
Forrige kamp endte uavgjort så vi var innstilt på ein jevn kamp.
Men Førde var best frå start til slutt og vant ein fortjent seier. «

Bildet er frå kveldens kamp mot Førde 3.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse