Resultat frå kampane til Tambar G12 i haust

Trenar for Tambar sitt G12 lag, Sturle Standal, har sendt oss denne oppsummeringa av resultata laget har hatt i dei fyrste kampane i haustsesongen:

" Tøff start for G12 (2002-2003) i ny haustserie. Etter ein god vårsesong vart Tambar G12
plassert i ei noko tøffare G12 pulje for haustsesongen.

21. aug. Førde 3 – Tambar 5-5. Dette var ein god åpning av haustsesongen. Eit lag som vi tapte
0-6 mot i vår. No gjekk det betre og vi berga uavgjort etter mykje godt spel.

28. aug. Tambar – Florø 3 1-5. Tross tap spela gutane ein god kamp, men vi møtte eit Florølag som tok vare på sjansane sine og dei hadde ein god keeper som redda det meste av Tambar sine avslutningar.

4. sept. Hyllestad – Tambar 12-2. Vi stilte eit noko redusert lag og fekk skikkeleg bank
av eit fysisk sterk og godt Hyllestad lag.

11. sept. Førde 2 – Tambar 4-1 (1-1) Etter ein god første omgang vart feil bakover
avgjerande mot Førde 2 i 2. omgang.

Neste G.12 kamp er heime mot Førde 4 torsdag 18.09.

2003 gutane har og spelt ein G11 kamp mot Høyanger der det vart ein
5-3 seier i ein god kamp av begge lag. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse