G12: Tambar avslutta vårsesongen med 7-0 mot Jølster

Tambar Fotball sitt G12 lag avslutta vårsesongen med bortekamp mot Jølster 2 sist torsdag, og Tambarlaget kunne reise tilbake til Naustdal med ein konfortabel seier.
Trenar Håkon Svoen har sendt oss fyljande referat frå kampen:

" Tambar G12 spelte bortekamp og motstandar var Jølster. Kampen gjekk på Øyaflata på Vassenden. Tambar stilte med 10 spelarar.
I dei fyrste 10 opningsminutta var kampen jamn mellom laga, men etter kvart visste Tambargutane kven som var sjef i kampen. Tambar scora 4 fine mål før pause og gutane hadde god kontroll på kampen. Då dommaren bles i fløyta til pause sto det 4 mål til Tambar og Jølster 0.

I starten på 2 omgang vart kampen jamn att mellom laga , Jølster spelte no med 1 spelar meir grunna målforskjell og dette stabilserte Jølster sitt lag, men våre spelarar kjempa godt mot fleirtalet og heldt Jølster på god avstand. Då det lei ut i 2 omgang hadde vi mørna våre motstandarar slik at det igjen vart rom for oss og plutselig fekk vi 3 nye mål. Sluttresultatet vart seier og 7-0 til Tambar.

Innsatsen til laget var stort sett bra i heile kampen og det var fem ulike målscorarar på laget. Keeperane (Fredrik 1 omg og Vidar 2 omg) til Tambar hadde i periodar lite å gjere på, men i dei situasjonane som kom mot mål gjorde dei ein god veldig god jobb og heldt buret reint for mål.

Ein flott avslutning på vårsesongen for våre G12 gutar i dag. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse