God 2.omgang av G12 trass tap borte mot Høyang

Tambar Fotball sitt G12 lag spela bortekamp mot Høyang sist tirsdag, og trass tap spela laget ein bra andreomgang dei vann 3-2.
Trenar Sturle Standal har sendt oss denne rapporten frå kampen:

" Høyang – Tambar 6-3 (4-0)
Dette var ein utsatt kamp frå 1.runde.
Høyang kom best i gang og Tambarspelarane
vart springande mykje i mellom i 1.omgang.
Etter ein god pauseprat, pluss at kanskje Høyang slappa litt av i 2.omgang,
betra spelet seg og Tambar vann denne omgangen 3-2 !

No har G12 laget igjen ein kamp før ferien og det er Jølster på torsdag.

På oppmannsmøtet i vår vart det bestemt at G12 serien skulle
differensierast så til hausten blir det nye avdelingar. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse