Spennande då Tambar G12 vann mot Svelgen i kveld

Det var bortelaget som kom best i gang i kveldens kamp på Naustdal stadion, og laget frå Svelgen kunne gå til pause med 2-0 leiing. Men i andre omgang henta Tambar innatt gjestane si leiing, og avgjorde kampen heilt på tampen av omgangen.

Trenar Sturle Standal oppsummerer kampen slik:

" G.12 Tambar – Svelgen 4-3 (0-2)
Tambargutane vann ein spennande kamp mot Svelgen torsdag kveld.
Svelgen leia etter 1.omgang, men i andre omgang snudde gutane
kampen og vann etter ein sein scoring av Odin Svoen.
No ventar tre kampar neste veke så avsluttar vi vårsesongen
med Grodåscup. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse