Knepent tap for Tambar G12 mot Florø 1

Tambar sitt G12 lag spela sist torsdag mot Florø 1 på bortebane, og spela ein bra kamp mot Florøgutane. Men laget frå kystbyen vann til slutt ein jamn kamp med minst mulig margin. Trenar Sturle Standal oppsummerer kampen slik:

" G.12 Florø 1 – Tambar 7-5 (3-2)

Knepent tap for Tambargutane i Florø torsdag kveld.
Vi møtte eit velspelande Florø lag.
Det var ein fortjent seier til Florø, vi klarte aldri å ha ledelsen
i løpet av kampen. Det nærmaste var uavgjort og vi låg under 6-5 like før slutt.
Men istaden for Tambar utligning var det heimelaget som økte til 7-5 og seier. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse