Tambar sitt G12-lag med seier mot Florø 3

Trenar Håkon Svoen har sendt oss fyljande rapport frå G12 sin kamp mot Florø 3:

" Tambar G 12 spelte sin 2 seriekamp og motstandar var Florø 3. Kampen gjekk på Naustdal stadion torsdag. Tambar stilte med ein tropp på 14 spelarar.

I byrjinga på kampen var Tambar litt for forsiktige og det vart store rom for Florø 3 som raskt tok leiinga i kampen. Men Tambargutane vakna uti kampen og pressa Florø hardt, dei var tett oppi Florø spelarane og fekk til ein del gode kontringar. Dette resulterte også i at Tambar etter kvart fekk til eit godt pasningspel. Då 1. omgang var over leia Florø 4-3.

I starten på 2 omgang pressa Tambar godt på, spelarane hadde god innsats og styrte mykje av spelet. Dette resulterte i ein del mål for Tambar som tok for fyrste gongen i kampen leiinga. Då det nærma seg slutten på andre omgang sovna Tambargutane litt og Florø tok over mykje av spelet. Men Tambar holdt unna og sluttresultatet vart seier og 8-6 til Tambar.

Ei utfordring på heimekampane då vi har 15 spelarar som skal ha speletid er at det vert mykje bytting av spelarar og vi mistar litt av flyten i spelet, sidan det går litt tid før innbyttarane kjem med i spelet. Ei anna utfordring er og at alle får spele like mykje, men trenarane gjer so godt so dei kan og spelarane verkar fornøgde etter kampen.

Innsatsen til laget var stort sett bra i heile kampen og det var mange ulike målscorarar på laget. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse