Seier og mange mål i sesongåpninga til G12

Tambar sitt G12 lag åpna sesongen 2014 med heimekamp på Naustdal stadion i dag, og det vart ein målrik kamp mot Førde 4.
Nytt av året for spelarar og trenarar, er at det no er innført press-sone. Etter at ball er gått over dødlinja bak mål, skal spelarane på motstanderlaget trekke seg bak linja i press-sona når keeper speler ut att ballen. Ifylje trenar Sturle Standal fungerte dette som det skulle i kveldens kamp.

Tambartrenar Sturle oppsummerer elles kampen slik:

" Det vart ein målrik kamp mellom Tambarskjelvar og Førde 4 på bana torsdag kveld.
Heimelaget vann til slutt 8-7 etter 5-5 ved pause.
Tambar sitt G.12 lag stiller iår med spelarar fødd i 2002 og 2003.

Neste kamp for gutane er 1. mai mot Høyang borte.
Deretter reiser laget til Sogndal og er pauselag mellom Sogndal og Rosenborg. "

Dommer Martin Hukset gjorde ein god jobb som pipeblåser.

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/G12TambarFRde4240414

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse