G12: Tambar slo Jølster

Trenar for Tambar Fotball sitt G12-lag, Espen Langedal, har laga denne fyldige rapporten frå gårsdagens kamp mot Jølster:

" På ein regntung torsdagskveld i Naustdal tjuvstarta Tambarskjelvar G12 årets sesong heime mot Jølster. Det var ein jamspelt kamp mellom to speleglade lag som hadde kvar sine periodar med dominans. Vi vart samde om å ikkje gå, men spurte ut av startblokkene, noko som kunne ha gjeve resultat allereie i vårt første angrep då vår nye bur voktar, Freddy, hurtig sette i gang spelet med eit langt utkast i retning fotrappe Henrik som allereie var i fullt driv framover. Jølster sin målvakt redda skotet, men dei gule frå Naustdal heldt fram med å styre spelet innleiingsvis. Om lag fem minuttar ut i kampen fekk vi løn for strevet då eit fint angrep som var innom alle lagdelar vart avslutta av Rodney som dukka opp på rett stad til rett tid og sette inn 1-0.

Etter scoringa tok Jølster over banespelet og hadde dei største sjansane før dei fekk prikka inn utlikninga på eit hjørnespark få minuttar før pause. 1-1 etter første omgang var eit ganske rettferdig resultat slik som spelet utarta seg dei første tretti minuttane. I pausen nytta vi tida til å fokusere på det vi er gode på, nemleg å stadig ha bevegelse rundt ballførar og få ballen til å gjere jobben. Med raske kantspelarar og ballsikre midtspelarar var vi overtydde om at vi skulle klare å score fleire mål på dei grønkledde.

Diverre hadde ikkje vêrgudane bønnhøyrd notatblokka og pennen min om å roe ned pøsregnet noko som gjorde til at penn og papir vart liggjande att under tak i det andre omgang starta. Men kanskje var det like greitt, for dei siste tretti minuttane bydde på mykje underhaldning som ein ikkje hadde vore vitne til om ein stod med nasa ned i notisboka. Vi scora både ein og to gangar før dei første ti minuttane var unnagjorde. Men så skulle historia frå første omgang gjenta seg. Jølster reduserte først på eit godt angrep som vart avslutta med eit godt plassert skot som Freddy nesten fekk avverja. Jølster stod høgt med laget sitt og pressa oss kvar einaste gang vi sette i gang spelet bakfrå noko som resulterte i at dei vann ballen høgt på vår eigen banehalvdel og utlikna til 3-3 med eit kvarter igjen å spele.

Men dei gule og svarte mista ikkje motet til tross for to kjappe kalddusjar på ein elles våt kveld. Heimelaget varta opp med aggressive ballvinningar og tidvis god gjennombrotshissig fotball der vi flytta beina hurtig i lengderetning og lét ballen gjere jobben. Det var slik vi på ny tok føringa ti minuttar før slutt, og for fjerde gang i kveld var det Rodney som var sist på ballen før den fann vegen bak jølstringanes sisteskanse.

Og til tross for at vi har valt å nedprioritere langpasningar så var det slik vi skulle avgjere kampen. Rodney sette punktum med sitt femte mål for kvelden etter at han tok ned ein langpasning frå Emil midt inne på Jølster sin banehalvdel og klinka til med vrista på andre touch. Ballen fekk ein fin boge før den duppa ned i det lengste krysset. Praktscoring. Fleire mål vart det ikkje, og vi kunne glede oss over 5-3-siger i ein jamspelt kamp på Naustdal stadion.

Det einaste med negativt forteikn å setje fingeren på, i ein elles finspelt match, er usportsleg oppførsel frå gjestane under fair play-helsinga før kamp. Å openlyst spytte i hendene sine før ein helsar på motstandarlaget er usmakeleg.

Gutane la ned mykje hardt arbeid og kjempa i frå dommar, Jørgen Helgheim, bles i gang kampen til han signaliserte at nok er nok. Sjeldan går vi gjennom ein kamp utan at nokon tek til tårene, men litt blod, sveitte og tårer er litt av sjarmen med å sparke ball. Innsatsen kan ingen ta ifrå dei. Det var mange som fekk prøve seg i uvande posisjonar som dei er mindre komfortable med etter kvart som spelet hadde sett seg, men spelarane løyste oppgåvene godt. Espen og Bjørn er godt nøgde med dagens kamp! Vi ser også fram til å få med Ole Johan i neste kamp.

Desse var med: Freddy, Emil, Eirik, Gard, Sander, Eirik, Rodney, Joakim, Elias, Stian og Nikolai. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse