Tambar G11 med årets første seier på heimebane

Bilde: Nøgde gutar på Tambar G11. Foto: Laila Claussen.

Det vart storseier for Tambargutane og sesongens første seier på eige gras då laget vann mot Gaular onsdag kveld.

G11 7er

Tambar-Gaular 6-2

Tambar G11 tok sin første seire på heimebane for sesongen, då laget spelte mot Gaular på Naustdal stadion onsdag kveld.
Trener Are Iversen gliste like breidt som storfornøgde spelarar, då dommer Martin Hjørnevik Kibsgaard blåste av kampen og Tambargutane kunne gå av bana med heile 6-2.

Laget har også ein seier på bortebane denne sesongen, og det var nettopp onsdagens motstander laget vann mot då også. I den kampen vart det ein knipen 5-4 seier.

Bilder frå kampen. Foto: Laila Claussen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse