Tobias holdt nullen mot Jølster 1

Tambar G11 suser vidare i seriespelet, og tok nok ein seier då laget vann heile 8-0 mot Jølster 1 på Naustdal stadion onsdag kveld. Dermed står laget med ein imponerande statestikk så langt, med utan tap så langt i serien.

I tillegg spelar 11-åringane til Tambar også i G12 serien denne sesongen. Laget gjer det også skarpt i kampane mot dei eit år eldre spelarane, der laget står med to seierer og eit tap.

I kveldens kamp mot Jølster 1, stengte Tambarkeeper Tobias Tefre Grønnevik målet med mange flotte og avgjerande redninger.

Tobias har vist god framgang mellom stengene denne sesongen, og er ein viktig bridragsyter for at laget gjer det så bra. Og i kampen mot Jølstergutane, gjorde han det så bra at både han og laget hans kunne gå av bane med null baklengs.

Vidar Standal hadde full kontroll som dommer.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse