Tambar G11 med seier både mot Førde 4 (G11) og Jølster (G12)

Tambar sitt G11 lag har vore i aksjon to dagar på rad, då laget er med i seriespel både i klasse G11 og G12.

Onsdag kveld møtte laget Førde 4 til kamp på Naustdal stadion i G11 serien. Som vanlig er dette laget ganske så suveren i denne klassen, og einaste laget som har gitt dei nokre utfordringar så langt har vore gutane frå Svelgen.

I kampen mot Førde 4 vart det nok ein storseier for gutane til Tambar G11, då laget gjekk av bana med ein solid 13-3 seier.

Torsdag kveld var laget i aksjon i G12 serien, då laget møtte Jølster til kamp på stadion. Etter ein svært god fyrste omgang, kunne dei eit år yngre Tambarspelarane gå til pause med ein fortent 3-1 leiing.

Andre omgang vart meir spennande, då Jølster kom meir inn i kampen. For når gjestane reduserte til 2-3 og like etter utligna til 3-3, vart det nok litt neglebiting av trenarane på sidelinja. Men Tambargutane holdt hovudet kaldt, og fekk inn den avgjerande scoringa på tampen, og kunne gå av bana med ein sterk 4-3 seier.

God dommer var Vidar Standal.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse