Tambar G10 cruiser vidare i seriespelet i G11-pulja

Tambar Fotball sine 10 åringar på gutesida har fått mange kampar denne sesongen, der laget deltek i serien i G11-klassen, har delteke på Kongleriket turneringane, Bendit Cup og andre cupar. Laget har gjort det bra i kampane sine og ein av trenarane, Svein Nordheim, har sendt oss dette referatet frå laget sin kamp mot Viksdalen mandag kveld: " Viksdalen G11 - Tambar G10 2-13 ( 1-9 ). Tambar G10 gutane fornekta seg ikkje, nok ein solid seier i G11 klassen. 10-åringane til Tambar var i går kveld i Viksdalen til en framskunda kamp mot Viksdalen i kl G11. Og, som dei har fått for vane, ny flott seier etter mykje strålande spel. Kampen, som blei spelt på grusbane, åpna forrykande for Tambar sin del. Etter berre eit halvt minutt, fekk Simon stjernetreff fra distanse, og ballen klistra seg oppe i hjørnet bak Viksdalen sin målmann. Dette blei startskuddet for ein målbonanza, og før omgangen var over, hadde dei putta ytterligare 8 mål. Mange av målene kjem etter mykje en og to touch berøringar mellom spelarane, og det er rett og slett flott fotballforståelse mellom gutane. Andre omgangen ble noko meir oppstykka, sidan Viksdalen sette inn på 2 ekstra spelarar ( det er lov ved meir enn 8 måls differanse ). Romma blei mykje mindre, og ofte blei det både 2 og 3 spelarar på kvar Tambarspelar. Likevel, så vant dei denne omgangen også, der bl.a. Martin og Kristian tegna seg på scoringslista. Før kampen, måtte Truls kaste inn håndkleet med sykdom, og etter kun få minutt, måtte også Hallvard gi seg med skade. Likevel, dei resterande Tambargutane tok ansvar, og gjorde til at det nok en gang ble en flott kamp. Disse var med: Simon (5), Thomas (4), Eskil (2), Kristian (1), Martin (1), Mathias, Håvard, Oliver, Hallvard og Tobias. Disse gutane har nå spelt 6 seriekampar i høst, I en klasse som er 1 år eldre enn dei sjølve. Dei har scoret smått utrulege 60 mål på disse kampane, og boblar over av angrepsfotball. Dette er igjen eit resultat av at dei trenar, er ivrige etter å lære , samt at dei omtrent ikkje har frafall når det gjelder oppmøte treningar. Flotte gutar som representerer Tambarskjelvar på ein framifrå måte! "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse