- 3/9-15
- Gutar 11
G11: Fintspelande Tambar 2 med ny seier
Tambar 2 i klasse G11 møtte onsdag kveld Kvammen til kamp på Naustdal stadion. Tambarlaget møtte i kveld eit lag der spelarane var på samme alder, nemlig 10 år. Elles i denne gruppa møter dei lag der spelarane er året eldre enn dei, utan at det so langt har sett noko stoppar for seiersrekka til det velspelande laget.
Også i denne kampen viste laget mykje god fotball og fotballforståing. Ballen går som oftast kjapt mellom spelarane, avløyst med gode dribleserier og mange fine mål.
Tambar 2 leia 2-0 til pause. Men berre minuttet ut i andre omgang reduserer Kvammen til 1-2 og det er spenning i kampen att.
Tambar ror seieren greit i land i dag også, og vinn til slutt 5-2
Kvammen, med fire gode jenter på laget, var med å gjere dette til ein flott fotballkamp. Og ikkje hang dei med hovudet heller, då dei stod i svele-kø i kiosken etter kampen.
Thomas Personbråten hadde full kontroll som dommer i kampen.
Denne artikkelen er over fire år gammel (3/9-15) og kan inneholde utdatert informasjon.
For nye artikler, se forsiden.