Flott spel og mange mål for Tambar 2 G11

Bilde

Heile 26 grader viste termometeret på Naustdal stadion før Tambar 2 møtte Førde 4 til kamp i kveld. "Heldigvis" forsvant sola rimeleg kjapt etter kampstart, og speleforholda vart glimrande denne flotte sommarkvelden. Tambar 2, som er 10 åringar som møter eit år eldre spelarar i klasse G11, hadde stort sett full kontroll på dei eldre motstandarane i kveld, egentlig frå fyrste spark på ballen. Laget imponerte med mange flotte scoringar, og vann kampen fullt fortent 13-5. Det som var mest imponerande var det flotte spelet laget presterte ute på kunstgrasmatta. Her såg vi pasningsspel og bevegelser av høg klasse, og ein stå på vilje av alle spelarar kampen igjennom. God dommer i denne kampen var Martin Hukset.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse