G11: Så kom sesongens første seier for Tambar 2

Glade trenarar og spelarar på Tambar 2 i klasse G11, kunne i kveld returnere frå Førde med sesongens første seier.

Laget som debuterer i seriespelet denne sesongen, består av berre 10 åringer, men har valgt å spele i klasse G11 i år. Her får laget god kamptrening mot stort sett eit år eldre motstandarar. I laget sine fire tidligere kamper har gutane vist at dei mestrer nivået godt, og har spelt jamt med alle laga dei har møtt denne sesongen.

Sjølv om det har vore nære på tidligare, kom altså den etterlengta seieren mot Førde 5 i kveld, og vi har trua på at det var jublande glade spelarar og trenarar når dommaren blåste av kampen.

Både lagleiar Ann Kristin Dobbe Personbråten og trener Roger Edvardsen har sendt oss ein oppsummering av kampen, og er samanfatta slik:

«Endelig kom årets første siger for G Tambar 2. Kampen starta med stort press frå Tambar og det var ikkje ufortjent at vi gjekk opp i ei tidleg 2-0 leiing.
Førde kjem meir med mot slutten av omgangen og reduserer ein gong før pause. Det står 1-2 til pause.
I andre omgang gjekk Tambar hardt ut og scora to kjappe mål. Til slutt vart det ein fortent 7-4 siger. Alle gutane jobba hardt og hadde lange periodar med godt pasningsspel.
Ekstra kjekt med heile seks ulike målscorarar. «

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse