G11: Knepne tap for Tambar 1 og Tambar 2 i kveld

Både Tambar 1 (bilde) og Tambar 2 spela heimekamp i kveld, der kampane gjekk samtidig på Naustdal stadion.

Tambar 1 (04 modellane) spela ein god kamp mot Førde 6. Sjølv om det var Førdelaget som kom best i gang, jobba Tambargutane bra gjennom heile kampen, men måtte til slutt sjå at Førdegutane stakk avgårde med seieren med 7-4.

Tambar 2 (05 modellane) møtte også eit Førdelag, Førde 1. Også Tambar 2-gutane gjorde ein god jobb mot eit år eldre motstandarar, der stillinga til pause var 3-3. I andre omgang kunne kampen bikka begge vegar, men desverre for Tambar var det Førde 1 som hadde mest tur i denne omgangen og vann til slutt 5-3.

Gode dommarar i desse to kampane var Martin Hukset og Thomas Personbråten.

BILDER frå kampen til TAMBAR 1: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/G11Tambar1FRde060515
BILDER frå kampen til TAMBAR 2: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/G11Tambar2FRde060515

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse