G11: God kamp av Tambar 2 mot Jølster i kveld

Tambar 2 i klasse G11 møtte Jølster til kamp på Naustdal stadion i kveld. Tambargutane som alle er 10 år, spela ein god kamp mot dei eit år eldre Jølstergutane, sjølv om det vart eit knepent tap.

I ein jamn fyrste omgang var det Jølster som scora flest mål, og stillinga til pause var 3-1 til gjestane.
Andre omgang vart endå jamnare, og gutane frå Tambar scora heile tre mål i denne omgangen. Også Jølster laga tre mål denne omgangen, og kampen enda dermed med 6-4 seier til Jølster.

Dommar Samson Vonen hadde god kontroll på kampen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse