G11: God kamp då Tambar vann 4-0 mot Førde 1

Tambar sitt G11 lag spela ein god kamp då dei var til Førde og spela kamp mot Førde 1 på onsdag kveld. Trenar Sturle Standal oppsummerer kampen slik:

"G11: Førde 1 – Tambar (2003) 0-4

Seier for 2003 gutane mot Førde 1.

Godt spel gjennom heile kampen, men gutane
leia kun 1-0 til det var 5. min. igjen. Dermed var kampen open
heilt til slutt, men tre raske mål på slutten gjorde det til ein
fortjent seier for eit jamt og godt spelande Tambarlag.

Målscorar: Fredrik Herstad (2), Vidar Standal og Alexander Nordbotnen.

Desse var og med: Odin Svoen, Magnus Studsrud, Benjamin Gauksrud,
Matias Vonen, Jørgen Hove Haugen og Aleksander Solheim. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse